Synopsis Handbok inneheld forklaringar, illustrasjonar og løysingsforslag som støttar elevane i den praktiske delen av norskfaget. Boka dekker alle åra på ungdomstrinnet, og gir elevane grundig innføring i dei mest sentrale sjangrane i faget. Ho inneheld strukturforslag og nedbrotne modelltekstar, og viser elevane korleis dei kan planlegge og bygge opp sine eigne tekstar. Elevane kan bruke sjangerrettleiingane til arbeid både med skriftlege og munnlege ferdigheiter. I tillegg inneheld boka ein oppslagsdel med oversikter over grammatikk, talemål og språk- og litteraturhistorie.Synopsis er Fagbokforlagets serie for norsk på ungdomstrinnet, og blei lansert etter fagfornyinga i 2020.Synopsis-serien består av- Synopsis Handbok, 8.–10. trinn- Synopsis Lesebok, 8.–10. trinn- Synopsis Nett: nettside med digital omgrepsbank, grammatikkressurs, nedlastbare skriverammer og eigen lærardel.Bøkene finst også som digitale d-bøker, alle med lyd innlesen av skodepelarar i studio.
Artikkel nr.
7b4de025-115d-4508-81f3-7acf7d36f0d2
Kommentar